Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger har 10.700 studentar og om lag 1.560 tilsette. I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning forskning, nyskaping, formidling og museumsverksemd.

UiS ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Regionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Sampelet mellom UiS og arbeidslivet er mangfaldig og mangearta.

Den faglege verksemda ved UiS er organisert i tre fakultet med 14 institutt og 2 nasjonale kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. UiS EVU er universitetet si eining for etter- og vidareutdanning.

Mange av dei eksternt finansierte forskingsaktivitetane skjer i samarbeid med vårt forskingsinstitutt, International Research Institute of Stavanger (IRIS). Det er òg fleire senter for forsking som er knytt saman i overbygginger mellom UiS og IRIS og andre aktørar. Validé er vår reiskap for å fange opp forskingsidear som kan utviklast og brukast i samfunns- og næringsliv. Ipark driv inkubatorverksemd, som er ei oppstarthjelp for nyetablerte verksemder.

Studentsamskipnaden i Stavanger og Studentorganisasjonen StOr tek seg av studentvelferd og studentane sine rettar.

Universitetet i Stavanger er det einaste norske medlemmet i det europeiske nettverket European Consortium of Innovative Universities (ECIU).

Bli student ved Universitetet i Stavanger

UiS har et variert studietilbud innenfor 13 studieretninger. Vi vil gi deg en utdanning som er nyskapende og relevant for arbeidsmarkedet.

Universitetet i Stavanger er tett på arbeidslivet fordi vi mener at at teori i kombinasjon med praktisk erfaring gir de dyktigste jobbsøkerne. De aller fleste går rett ut i arbeid etter å ha fullført en av utdanningene ved UiS. Mange får til og med jobbtilbud mens de studerer.

 Sjekk ut:

 Studiekataloger
Bestill studiekatalogen 

Kontaktinformasjon

Postadresse:
Universitetet i Stavanger
4036 Stavanger

Besøksadresse:
Arne Rettedals hus
Kjell Arholmsgt. 41

Telefon sentralbord:
51 83 10 00 – telefontid kl. 08.00-15.45 (15/5-15/9 kl. 08-15)

Epost : post@uis.no
Web : www.uis.no